Vaksinering hausten 2025

Les meir her OBS! NYE DATOAR!

08.10.2025 20.32

Fosterhjemsuka 2025

Få kunnskap om verdens viktigaste samfunnsoppdrag! 1.–8. april kan du vere med på ulike arrangement og lære meir om det å være fosterheim. Det er heilt uforpliktande å delta.


«Fosterhjemsuka» er ei veke med ulike arrangement rundt omkring i landet, om det å vere ein fosterheim. Fosterhjemsuka arrangerast av Bufetat, Barne- og familieetaten i Oslo og Bufdir.
 

Når eit barn treng eit nytt kapittel i livet, leitar kommunane og fosterheimstjenestane i nærmiljøet først. Å måtte flytte kan vere dramatisk, og det å bytte skule, fotballag og få nye venar kan vere ei ekstra belastning. 

Vi håpar at flest mogleg kan reflektere over om de kan vere fosterheim dersom eit barn i nærmiljøet treng det.
 

Fleire av barna som treng fosterheim, har minoritetsbakgrunn. Vi søker også fosterheimar som forstår betydninga av å bevare kultur og tradisjonar. Dette gjer overgangen til en ny kvardag enklare for barnet.
 

Mange av dei som vurderer å bli fosterheim, har tenkt på det lenge, ofte i fleire år. Å delta på et arrangement under Fosterhjemsuka vil forhåpentlegvis gi deg informasjon og inspirasjon som gjer valget enklare.

Digital sofaprat med Hedvig Montgomery 

8. april 20:00 - 20:45 

Korleis kan vi forstå barnas behov, møte dei med tryggheit og bygge sterke relasjonar? Psykolog og familieterapeut Hedvig Montgomery delar innsikt og verktøy som kan styrke deg i rolla som fosterforelder.

Klikk her for å delta på - Digital sofaprat med Hedvig Montgomery

 

Informasjonsmøte om fosterhjem 

Dette møtet er for deg som er nysgjerrig på korleis det er å være fosterheim. Her kan du stille spørsmål om alt du lurar på.

Klikk her for å delta på eit digitalt og uforpliktande informasjonsmøte! 

Digitalt informasjonsmøte om fosterhjem 07. april 18:00 - 19:00

Digitalt informasjonsmøte om fosterhjem 29. april 20:00 - 21:00