Framleis ein del avklaringsmidlar til disposisjon

 

HoppID.png

Som kjent får kommunen årleg ein del midlar gjennom hoppid.no frå fylkeskommunnen som vi kan bruke til nyetablerarar som i ein tidleg fase treng midlar for å avklare ein idé før ein bestemmer seg for å satse på bedriftsetablering.

Kommunen kan yte inntil 30 000 kr til slike føremål. Midlane kan tildelast direkte av næringssjefen, og treng ikkje politsik handsaming. Dette er altså raske midlar som er tenkt nytta til folk som treng umiddelbar økonomisk drahjelp i ein tidleg fase.

Reglane for bruken av midlane finn du i denne lenka (PDF, 270 kB)