Frivillig forum på Storfjord Kulturhus

Omlag 50 personar frå 25 organisasjonar deltok på det første Frivillig forumet i regi av Stranda frivilligsentral. 

Frivillig forum er ein ny samhandlingsarena for frivilligheita i Stranda kommune. 
Denne gongen var det lag og organisasjonar i Stranda tettstad som var invitert til ein kveld for å dele med andre, få inspirasjon, nye idear, nye samarbeid og kjennskap til kvarandre.
 

 

Ordførar Einar Arve Nordang ønska velkomen med ei helsing til deltakarane, før Bjørg Jacobsen tilsett i Stordal frivilligsentral fortalte litt om frivilligheita i Stordal. 
 

Så var det tid for gruppeoppgåver der deltakarane fekk diskutere ulike problemstillingar som frivilligheita står i. Dette vart ein god halv time med engasjert prat. I oppsummeringa kom det innspel til mange gode forslag til moglegheiter for å skape enda betre rammer og løfte frivilligheita i Stranda. 
 

Stranda frivilligsentral ser fram til fortsetjinga og nye Frivillig forum i framtida.