Frivillighetsprisen 2026

Stranda Frivilligsentral ønskjer forslag på kandidatar til Frivillighetsprisen 2026.

Vi ber Dykk kome med forslag på kandidatar, sjå gjerne utanfor dykkar eigen organisasjon.
Frivillighetsprisen skal sette fokus på alle dei som er bærebjelken i samfunnet vårt, utan frivillig arbeid hadde samfunnet vårt stoppa opp.

Stranda kommune v/Stranda Frivilligsentral og vår hovudsamarbeidspartnar Sparebanken Møre, vil med denne prisen heidre personar eller organisasjonar som har gjort ein særskilt innsats innan det frivillige arbeidet gjennom ei årrekkje i Stranda kommune.   

Det er mange i kommunen vår som bidreg med stor frivillig innsats. Vi håper de vil hjelpe juryen ved å sende inn forslag på kandidat for 2026.

Vi ber dei ulike lag / organisasjonar gjere dette brevet kjent blant sine medlemmar.
Framlegg av kandidatar til «Frivillighetsprisen» kan fremjast av enkeltpersonar, lag/org og foreiningar.


Skriftleg framlegg med utfyllande grunngjeving må sendast innan 04.03.2026
Forslag utan grunngjeving blir ikkje tatt med vidare i juryarbeidet.
Nokre tips til kva juryen vektlegg er mellom anna; ei beskriving av kva personen/organisasjonen har fått til, engasjert seg for og i (målgrupper/aktivitet), verv, roller og organisasjonar, samt korleis vedkommande har utmerka seg i lokalsamfunnet og bidrege til å løfte opp og fram den frivillige innsatsen.

Forslag sendast til:
Stranda Frivilligsentral
v/Ragnhild Stadheim
Øyna 13, 6200 Stranda
eller på e-post : ragnhild.stadheim@stranda.kommune.no

Med venleg helsing,
Styret i Stranda Frivilligsentral