Fylkesprisen for Årets Bedrift 2024 - invitasjon til å fremme forslag på kandidatar

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer kommunar, organisasjonar, institusjonar, media og privatpersonar til å fremme forslag på bedrifter som kan vere aktuelle kandidatar til «Fylkesprisen for Årets Bedrift 2024»

Kandidatane kan kome frå alle bransjar som industri, handverk, tenesteyting og opplevingsnæringane. Prisen skal gå til ei bedrift i Møre og Romsdal som har utmerka seg på ein eller fleire måtar.

Forslag på kandidatar til «Fylkesprisen for Årets Bedrift 2024» skal leverast elektronisk på nettsida : Fylkesprisen Årets bedrift - Møre og Romsdal fylkeskommune


På nettsida finn du meir praktisk informasjon om prisen, kriteria for nominasjonen og ei oversikt over tidlegare vinnarar. Frist for innsending av forslag er torsdag 6. februar 2025.

«Fylkesprisen for Årets Bedrift 2024» blir delt ut på Fylkestinget 23. april 2025.