Vi ønskjer å minne alle grunneigarar, innbyggarar, nærings- og landbruksføretak og tilreisande kor viktig det er å ta vare på naturen og unngå forsøpling.
Uforsvarleg handtering av avfall som plast, skrot og metall kan føre til forureining av jord, vatn og natur, og skade både dyreliv, landskap og næringsgrunnlag. Dette er òg i strid med gjeldande regelverk.
I ein rapport frå Norce frå 2024 går det fram at landbruket samla sett står for mest forsøpling. Særleg rundballfolie vart funnen i mange elvar, samstundes som plastmengda er høgast i elvar med industri langs vassdraget.
Eit aukande problem er òg forsøpling langs bilvegar i landbruksområde. Avfall som vert kasta frå veg, kan hamne i eng og beite. Dette kan få alvorlege konsekvensar for husdyr. Dyr kan få i seg skarpe framandlekam, til dømes drikkeboksar av aluminium som vert oppdelte under fôrhausting og kjem inn i fôret. Dette kan føre til indre skadar, blødingar og betennelsar – og i verste fall vere dødeleg.
For å redusere forsøpling og forureining ber vi om at alle tek ansvar:
• Ikkje kast avfall langs veg eller i naturen
• Ta med deg avfall og lever det til rett avfallsordning eller godkjent mottak
• Sørg for forsvarleg lagring av landbruksplast og anna avfall,
slik at det ikkje spreier seg med vind og vêr
• Lever plast, metall og farleg avfall gjennom etablerte returordningar
• Rydd også opp i avfall som finst på eigedomen frå tidlegare eigarar eller aktivitet
• Bidra til ryddige eigedomar og nærområde
Eit reint og ryddig miljø er eit felles ansvar. God praksis er viktig både for naturen, dyrevelferda og for lokalsamfunnet sitt omdøme.
Vi oppmodar alle til å bidra til opprydding og vise omsyn når de ferdast i naturen.
Saman kan vi ta vare på landskapet og sikre eit reint og trygt miljø for både folk og dyr.
God sommar frå Stranda kommune