Gode råd om barn og alkohol

Ta med deg desse råda, så blir sommarferien endå kjekkare for både store og små.

Sommarferien nærmar seg, og barna gler seg til fridagar med is, bading og grillmat. For mange vaksne er også alkohol ein del av feriekosen. Då er det viktig å hugse på at barn blir påverka av drikkinga til dei vaksne før ein blir det sjølv.

– Barn merkar raskt at vaksne endrar seg. Når vi drikk alkohol, kan det vere vanskeleg å oppdage når det går frå å vere triveleg til å bli ubehageleg for dei små. Ein god hugseregel er at barna blir påverka før dei vaksne, seier Ragnhild Kaski, generalsekretær i Av-og-til.

Stranda er ein Av-og-til-kommune. Sidan 2021 har vi jobba saman med Av-og-til for å førebyggje og redusere alkoholskadar og gjere kvardagen tryggare for alle.

Derfor ønskjer vi å komme med ei oppfordring til alle vaksne: Tenk over alkoholbruken din saman med barn i sommar.

Seks råd om alkoholbruk rundt barn i sommar:

•    Drikk null, eitt eller maks to glas når du er saman med barn.
•    Ha flest dagar utan alkohol – sjølv om du har fri.
•    Bli einig med andre vaksne om nokre reglar for alkoholbruk når det er barn til stades.
•    Det blir kjekkare for både deg og barna når du er i god form neste dag.
•    Ver spesielt bevisst dersom de skal reise bort – barn kan ha eit ekstra behov for trygge vaksne i eit framandt miljø. 
•    Hugs at barn blir påverka før du blir det.

Vi ønskjer alle ein god og trygg sommar!

Vil du lese meir?

Besøk Av-og-til på nett: https://avogtil.no/tema/barn-og-unge/