Hagevatning – datovatning

Datovatning i Stranda Kommune er innført frå 17.06.2020.

For å kunne skaffe alle innbyggarane tilstrekkeleg vassforsyning og vasstrykk til ein kvar tid, er det frå 17.06.2020 innført datovatning i Stranda kommune. Vatningsrestriksjonane gjeld heile døgnet og heile året.

Datovatning går ut på at:

  • Husstandar med husnummer med partal (like tal) kan vatne på datoar med partal.
  • Husstandar med husnummer med oddetal (ulike tal) kan vatne på datoar med oddetal.

Stranda kommune oppfordrar alle som vatna eller tek ut store vassmengder om å vise omsyn og følge reglane for datovatning for å unngå dårleg vasskvalitet som brunt vatn med dårleg trykk.

Ein kan ikkje vatne plen, men vatning av blomster og ny beplantning med vasskanne er OK alle dagar.

Sjå fleire gode råd om vatning i linken under:

https://www.norskvann.no/images/torilh/toril_pdf/Rd_om_hagevanning.pdf