Har du forslag til kandidat(ar) til fylkesprisen Årets Bedrift 2023?

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer kommunar, organisasjonar, institusjonar, media og privatpersonar til å fremme forslag på bedrifter som kan vere aktuelle kandidatar til «Fylkesprisen for Årets Bedrift 2023»
Kandidatane kan kome frå alle bransjar som industri, handverk, tenesteyting og opplevingsnæringane. Prisen skal gå til ei bedrift i Møre og Romsdal som på ein eller fleire måtar har utmerka seg.

Forslag på kandidatar til «Fylkesprisen for Årets Bedrift 2023» skal leverast elektronisk på nettsida : https://mrfylke.no/aretsbedrift

På nettsida finn ein meir praktisk informasjon om prisen og kriteria for nominasjonen. 

Frist for innsending av forslag er måndag 5. februar 2024. 

«Fylkesprisen for Årets Bedrift 2023» blir delt ut på Fylkestinget 22. april 2024.