Vaksinering hausten 2025

Les meir her OBS! NYE DATOAR!

08.10.2025 20.32

Har du ledig husvære til ukrainske flyktningar?

Stranda kommune har fått henvending frå IMDI (Inkluderings og mangfoldsdirektoratet) med spørsmål om å ta imot flyktningar frå Ukraina. Vi opplever også at folk frå Ukraina på eige initiativ tek seg til kommunen vår.

Bustadar som kommunen har tilgjengeleg, er ikkje nok til å dekke behovet dersom flyktningstraumen aukar og fleire av dei som no er på flukt frå Ukraina kjem til Stranda.

Vi kan kome til å trenge fleire husvære, og ber deg derfor om å melde frå til oss dersom du har bustad som kan leigast ut for kortare eller lengre periode. Vi er primært ute etter bustadar som er utrusta til å kunne brukast som fast og langsiktig bustad. 
Har du ledig husvære er det fint om du fyller ut dette skjemaet (lenke til skjema)