Har du luftvegssymptom som nyleg har oppstått? Om du har luftvegssymptom som nyleg har oppstått bør du teste deg for koronasjukdom. Om du ikkje har symptom og bur saman med nokon som er smitta, treng du ikkje teste deg. Dersom du får positiv sjølvtest heime, bør du registrere dette i kommunen sitt system for å spore smitte. Ein positiv sjølvtest blir ikkje registrert på helsenorge.no, og vil ikkje bli vist i koronasertifikatet. Dersom du ikkje er fullstendig vaksinert, om du til dømes manglar oppfriskingsdose, kan du vurdere om du treng å ta pcr-test. Det er ikkje naudsynt med stadfestande test for dei som har fått oppfriskingsdose (booster) eller er grunnvaksinerte og etterpå har gått gjennom koronasjukdom dei siste 3 månadane. Om du har testa positivt på hurtigtest: Registrer deg: https://hjemmetest.remin.no/stranda