Heder til Martine Sve i kommunestyret

I dag har vi samla oss for kommunestyremøte, men også for å hylle ei heilt spesiell utøvar – ei som har sett Stranda på kartet i internasjonal samanheng, og som har vist kva som er mogleg når ein kombinerer talent med hardt arbeid og målretta innsats.
Martine Sve, du har gjort ein formidabel innsats innan skytesporten. På den internasjonale arenaen har du representert Noreg – og Stranda – med ei ro, ei presisjon og ein profesjonalitet som imponerar oss alle.
I ISSF World Championship tok du sølv i 50 meter rifle 3-posisjon mixed team junior, saman med Jens Olsrud Østli D
Dette er ein prestasjon som ikkje berre krev teknisk dyktigheit, men også samarbeid, konsentrasjon og mental styrke.
I EM Osijek i Kroatia tok du bronse både individuelt og lag samt mix konkurransen, i EM i Ungarn tok du Sølvmedalje, i Nordisk Mesterskap i Finland tok du bronse.
 
Du har også delteke i fleire verdscupstemne og internasjonale konkurransar, og du har vist at du høyrer heime blant dei beste. Resultata dine talar for seg sjølv – og vi veit at dette berre er byrjinga. No har du begynt å konkurrere i seniorklassa, og har alt vist, at du kan hevde deg også der, seinast sist helg med  bronsemedalje i Vestre Bærum.

På vegner av Stranda kommune vil eg få seie: Tusen takk, Martine. Takk for at du er eit førebilete for unge i bygda. 
Takk for at du viser kva som er mogleg med dedikasjon og vilje. 
Og takk for at du ber med deg Stranda-ånda ut i verda.

Vi er stolte av deg – og vi gler oss til å følgje deg vidare på vegen mot nye høgder.

Gratulerer med medaljene – og lukke til vidare!