Helsedirektoratet rådar til registrering av kontaktopplysningar på skjenke- og serveringsstadar

     

Helsedirektoratet rådar alle serveringsstadar til å innføre frivillig registrering av kontaktinformasjon til gjestar.
Sjå nærare informasjon på Helsedirektoratet sine nettsider (helsedirektoratet.no).

Registrering av kontaktopplysningar vil vere mest aktuelt for serveringsstadar med skjenkeløyve, men kan og vere aktuelt for andre serveringsstadar.
Formålet med frivillig registrering av kontaktopplysningar er å lette arbeidet med smittesporing dersom ein gjest får påvist covid-19 etter besøket..

Datatilsynet gir rettleiing om forståelsen av personvernregelverket, og har publisert ein artikkel om besøksregistrering og smittesporing (datatilsynet.no). Der finst informasjon om kva for personvernreglar som gjeld for slik registrering.