Høgt fråvær blant tilsette i barnehagane

Det er for tida svært høgt fråvær blant tilsette i barnehagane som følgje av pandemien. Kommunen ber om at barn med symptom ikke møter i barnehagen.

For å prøve å avgrense fråværet i barnehagane og ivareta drifta, ber Stranda kommune om at:

  • barn som har testa positivt ikkje kjem i barnehagen dersom  dei har symptom. Symptomea kan vere beskjedne. Vi ber om at barnet er heime frå barnehagen for å sjå an situasjonen i minst eitt døgn etter barnet har testa positivt. Barnet kan kome tilbake til barnehagen når formen er fin og har vore feberfri i 24 timar.
  • foreldre som har testa positivt på korona ikkje er dei som leverer i barnehagen i fire dagar etter sjukdomsdebut. Dette er i tråd med dei nasjonale anbefalingane om at vaksne bør vere heime i fire døgn fra sjukdomsstart.
  • foreldre er førebudd på at barnehagar som står i eit større smitteutbrot, kan bli nødt til å halde stengt eller avgrense opningstida på enkelte dagar eller i ein kort periode for å sikre forsvarleg drift. Barnehager som må avgrense opningstida, vil i dialog med foreldre med samfunnskritiske oppgåver vurdere å gi eit utvida tilbod dersom, og i det omfang, det er nødvendig for at foreldre skal ivareta den kritiske samfunnsfunksjonen.