Om høyringa
Bakgrunnen for saka er endringar i barnehagelova og ny nasjonal forskrift om finansiering av private barnehagar, fastsett 23. mars 2026. Regelverket inneber at kommunane skal fastsetje tilskotssatsar i lokal forskrift.
Høyringa gjeld forskrift om satsar for grunntilskot. Eventuelle lokale forskrifter om andre forhold, som opningstider, bemanning og rapportering, vil bli handsama i eigne prosessar.
Føremålet med høyringa er å sikre openheit, medverknad og eit best mogleg grunnlag for endeleg vedtak.
Grunntilskot
Årlege satsar per heiltidsplass basert på driftsutgifter i dei kommunale barnehagane med uttrekk av meirutgifter knytt til Geiranger barnehage.
Indeksregulering
Tilskotssatsane vert justerte ut frå venta pris- og lønsutvikling før det vert fatta vedtak om tilskot.
Andre tilskot
- Pensjonstilskot vert fastsett i enkeltvedtak og ikkje i forskrifta.
- Eigedomstilskot vert fastsett nasjonalt.
Dokument
2027 utrekning Stranda Høyring.xlsx
Gje innspel
Stranda kommune ber om innspel til forskrifta innan fastsett høyringsfrist.
Høyringsfråsegner kan sendast til:
E-post: post@stranda.kommune.no
Høyringsfrist: 05. november 2026