Høyring - Legeplan for Stranda kommune 2025-2030Kommuneplanutvalet i Stranda har i møte 08.10.25 gjort vedtak om å legge framlegg til Legeplan for Stranda kommune 2025-2030, ut på høyring og offentleg ettersyn.Legeplanen for Stranda kommune 2025–2030 er eit strategisk dokument som skal sikre forsvarlege, trygge og framtidsretta legetenester for innbyggarane.Planen er utarbeidd av ei tverrfagleg arbeidsgruppe og er politisk og administrativt forankra.Den bygger på innspel frå helsepersonell, samarbeidspartar og brukarutval, og tekutgangspunkt i demografiske utviklingstrekk, lovverk og nasjonale føringar.Planen inneheld konkrete mål og tiltak innan fagmiljø, rekruttering, kvalitet, samhandling ogteknologi. Legeplanen skal vere eit styringsverktøy for å møte både lokale og nasjonaleutfordringar i helse- og omsorgstenesta.Lenke til planen her (PDF, 914 kB)Merknadar til Legeplanen kan sendast til post@stranda.kommune.no eller tilStranda kommuneØyna 136200 StrandaHøyringsfrist 19.11.25