Informasjon om endring av busshaldeplass i Hellesylt sentrum

Endringa skal gjelde i tidsrommet 22. juli til 15. september

Tidlegare i sommar gjenomførte STranda kommune eit møte med FRAM der det etter innspel frå leverandør vart sett på om ein kunne finne ei løysing for å avlaste situasjonen ved busshaldeplassen i Hellesylt sentrum. Stranda kommune merka opp plass for buss etter dette møtet. 
I juli vart Stranda kommune igjen kontakta av FRAM om at den nye løysinga som vart forsøkt tidlegare ikkje betra situasjonen, og på bakgrunn av dette vart det lagt fram nye alternativ. 

Det er  dei dagane det er mykje turistar og båt liggjande, at det knytt trafikksikkerheits- utfordingar transporttenesta buss.  Det er meldt om trafikkutfordringar når ein skal køyre inn på haldeplass som vert nytta i dag, grunna feilparkerte bilar og mykje folk. Sjåførane opplever det som krevjande ved at dei kan kome borti folk eller bilar. 
På bakgrunn i dette har FRAM kome med forslag om alternativ haldeplass i sommar, der det vil bli litt lengre å gå inn til sentrum 
 
Vy ytrar at dei vil gjerne att folkelivet og forretningane på Hellesylt skal gå bra, men vi vil også ha trygge vilkår for å utøve arbeidet på en trafikksikker måte.
FRAM har uttalt at dei vil ta med Firda/Skyss på vidare rådslaging då det i dag ligg tre mogege alternativ for busshaldeplass på bordet.  Dette må då være eit midlertidig tiltak og FRAM må sikre naudsynte godkjenningar og skilting. Stranda kommune har ingen innvending mot føreslegne løysing i ein kortare periode som skildra.