Informasjon om endringar i brøyteordninga for private vegar

Stranda kommune avviklar den generelle ordninga med å tilby brøyting av private vegar (KOMsak 030/25) frå og med komande vintersesong. Stranda kommune kan gjere unntak for følgjande brukarar:

1.    Brukarar med vedtak om heildøgns omsorg etter Helse- og omsorgslova
2.    Brukarar som treng tenesta av andre vektige helsemessige eller sosiale grunnar

Desse brukarane kan søke om brøyting gjennom kommunen, der pris for tenesta skal reflektere den faktiske kostnaden knytt til kvar brukar inkl. beredskap og andre kostnadar.
Søknaden må vere grunngitt og sendast: post@stranda.kommune.no