Informasjon om fakturering av tilknytingsavgift for vatn og avløp

 Redusert vasstrykk

Til informasjon:

Stranda kommune har i 2018 og 2019 hatt fokus på å rette opp feil i gebyrgrunnlaga i høve kommunale gebyr knytt til vatn og avløp. I samband med dette arbeidet vert det for tida sendt ut ei rekkje krav om tilknyting og årsgebyr tilbake i tid, i samsvar med Lov om foreldelse av fordringer (fordringsloven) § 2: (Fristens lengde.) Den alminnelige foreldelsesfrist er 3 år.

 

Kommunen sender krava til den som står som eigar av eigedomen på det tidspunkt vi krev inn gebyra.
I fleire tilfelle er det ikkje dei same som i si tid satt opp bygget som er tilknytt. Men kommunen kan berre sende krav til eigar av eigedom, då kravet er sikra i lovpant i den aktuelle eigedom, jf. Lov om kommunale vass- og avløpsanlegg (vass- og avløpsanlegglova) § 6: Lovpant og tvangsgrunnlag for utlegg:
Forfalt krav på årsgebyr etter denne lova er sikra med lovpant i eigedomen etter pantelova § 6-1.
Både årsgebyr og eingongsgebyr for tilknyting er elles tvangsgrunnlag for utlegg. Gebyra kan krevjast inn av kommunekasseraren etter reglane for innkrevjing av skatt.

Dersom eigar meiner at kravet skulle vore retta mot ein annan part, må eigar sjølv krevje dette dekka av aktuell part.