Informasjon om koronavaksinasjon

Kommunen har utarbeidd ei plan, og planlegg no gjennomføring av vaksinasjon. 
Koronavaksinasjon er ein del av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet, og kommunane skal tilby sine innbyggarar vaksinasjon. 

I starten vil det ikkje vere nok vaksine til alle som er anbefalt koronavaksine. Basert på råd frå Folkehelseinstituttet har Regjeringa følgande prioritering:

  1. Bebuarar i sjukeheim og omsorgsbustadar (gjeld eldre bebuarar)
  2. Eldre over 85 år
  3. Eldre over 65 år
  4. Personar 18-64 år med ein eller fleire nærare spesifiserte sjukdomar som dei har frå før (risikofaktorar)

Inntil 20% av tildelt vaksinemengde frå veke 2 kan gå til helsepersonell

Når startar vaksineringa?
Vi starta vaksineringa av risikogruppe 5. januar 2021.
Stranda får eit mindre tal vaksiner kvar veke no i starten, og prioriterar dei som bur på institusjon, vi følgjer dei nasjonale prioriteringane. 
Meir informasjon om den vidare vaksineringa kjem etter kvart. 

Ei heil verd set no sin lit til at ei effektiv vaksine snart vil avslutte ein svært smertefull periode i vår nyare historie!

Koronavaksine - Informasjon på ulike språk