Informasjonsmøte om kulturminneplan for Stranda kommune Publisert av Synnøve Lindset Publisert 15.02.2018 08.55 Stranda kommune har vedteke å utarbeide ein kulturminneplan. Den har no vore ute på høyring og gruppa som har arbeidd med planen ønskjer å presentere sluttresultatet i form av bygdemøte. Føremålet med bygdemøta er å: Presentere utført arbeid (rapport), føremålet med og bruken av planen Få innspel til rapporten prioritering av kulturminna ev. utegløymde kulturminne Planen er utarbeidd med status som komunedelplan, og dette vil seie at den skal rullerast i kvar kommuneplanperiode. Den planen som no vert presentert er dermed 1.ste generasjon, og det er dermed også viktig å få innspel og korreksjonar med tanke på neste revisjon. Bygdemøter: Torsdag 15. februar kl. 19:30 Liabygda Trollbryggeriet Torsdag 15. mars kl. 19:30 Sunnylven Kyrkjelydshuset Torsdag 22. mars kl. 19:30 Stranda Stranda vgs. Aula Torsdag 12. april kl. 19:30 Geiranger Geiranger skule Møt opp og få informasjon om kva som er registrert av kulturminne i ditt bygdelag, og kva nytte du kan ha av desse registreringane sjølv! Stranda kommune, næringsavdelinga Lenke: Kulturminneplan utkast p.d.d. (PDF, 2 MB) Forslag til tiltak