Inkluderings- og mangfaldsprisen 2023

Kjenner du, eller veit du om nokon, som i 2023 la ned ein spesiell innsats i å fremje integrering og mangfald i samfunn- og arbeidslivet Møre og Romsdal? Då vil Kulturavdelinga – folkehelse, idrett og friluftsliv hos Møre og Romsdal fylkeskommune gjerne høyre frå deg!

 

Kven kan få prisen?

Prisen kan gå til ein person, gruppe av personar, bedrifter, institusjonar eller organisasjonar som:

  • bur i fylket eller har sterk tilknyting til fylket
  • har teke initiativ til eller gjennomført tiltak som fremjar like moglegheiter, meir inkludering og mangfald i samfunns- og arbeidsliv for einskildpersonar eller grupper uavhengig av kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, alder, etnisitet, språk og religion. 

    Les meir om prisen, korleis du kan nominere, og vilkåra her.