Vaksinering hausten 2025

Les meir her OBS! NYE DATOAR!

08.10.2025 20.32

Innbetalingar Stranda kommune

 

Betalingar logo

PRIVAT

Avtalegiro  

Avtalegiro

 

 

Brukar du AvtaleGiro på rekningane frå oss mottek du ei melding om AvtaleGiro-trekket på kontoutskrifta. Dersom du har nettbank kan du motta dette varselet elektronisk.  Alt du treng  å gjere er å tegne AvtaleGiro med banken din.

E-Faktura

Efaktura

Brukar du eFaktura kjem rekningane ferdig utfylt rett i nettbanken din, og vert oppbevart der. Da kan du til ei kvar tid gå inn i nettbanken og få opp bilete av både betalte og ubetalte rekningar.

Du vel sjølv når du vil betale rekninga. Sidan alt er ferdig utfylt (KID, kontonummer etc.) er det berre å klikke for å betale. Om du vil, kan du få melding på e-post kvar gong det kjem ei ny rekning i nettbanken din.

 

BEDRIFT

EHF

EHF send rekning

Stranda kommune starta med å motta faktura og kreditnota på EHF i 2016, og vi kan no tilby og anbefale dette til alle som sender oss krav.

Vår fakturaadresse er vårt organisasjonsnr.: 964 980 098                                
og vårt aksesspunkt er: Nets

Fakturaen skal merkast med bestillers namn og ansvarsnummer.