Invitasjon: Bli med i nytt prosjekt om seterdrift!Kommunen ønskjer å informere om eit spennande prosjekt i regi av NIBIO, som no søkjer deltakarar frå vårt område. Prosjektet har som mål å dokumentere og styrkje seterbruket som ressurs og miljøtiltak i Noreg. Kven kan delta?Aktive seterbrukararDeg som vurderer å starte med seterdriftAlle som er interesserte i moglegheitene innan seterdrift og bruk av utmarksressursar Prosjektet er finansiert gjennom Nasjonale Fjellandbruksmidlar og regionale klima- og miljøprogram i fleire fylke, inkludert vårt eige. Bakgrunn: Den norske seterkulturen vart i desember 2024 innskriven på UNESCO si verdsarvliste for immateriell kulturarv. Likevel er talet på aktive setre no på eit kritisk lågt nivå. Prosjektet ønskjer derfor å:Dokumentere suksesskriterium for ulike typar seterbrukAnalysere dagens rammevilkårKartleggje behov for tilpassingar som kan styrkje seterbruket og auke bruken av utmarksbeite Korleis føregår prosjektet? Målgruppa vil bli invitert til å delta på fysiske og digitale møte, intervju og workshopar. Resultata vil bli presenterte og diskuterte undervegs og ved prosjektavslutning i desember 2028. Vil du vite meir eller delta? Ta kontakt med prosjektleiar Bolette Bele ved NIBIO, avdeling for kulturlandskap og biologisk mangfald: bolette.bele@nibio.no Les meir om prosjektet på NIBIO sine nettsider:Seterdrift som ressurs for framtidas landbrukSeterdrift som miljøtiltak Vi oppmodar alle interesserte til å melde seg – saman kan vi bidra til å ta vare på og utvikle seterdrifta i Noreg!