Jubileumsmarkering Storfjordens Venner 50 år!

Jubileumsmarkering i Geiranger 5.-7. september 2025
Storfjordens Venner vart stifta i 1975 og rundar i år 50 år. Dette markerer vi gjennom små og store tiltak og aktivitetar gjennom heile året, men hovudmarkeringa skjer i Geiranger helga 5.-7. september.

Fredag 5. september - Ungdomsarrangement
Ungdomsarrangement på Norsk Fjordsenter, og avslutning av prosjektet «Fjordarven i ungdomshender». Her har elevar frå alle ungdomsskulane i Fjord og Stranda kommunar besøkt kvar sine fjordgardar, delteke i skjøtselsarbeid, møtt grunneigarar og lytta til historier frå desse gardane. Prosjektet er dokumentert ved filmselskapet Hyke, og resultatet skal visast fram for fyrste gong under felles avslutning på Fjordsenteret.
 

Laurdag 6. september – Folkefest og besøk av H.M. Dronning Sonja

Vi inviterer til eit flott folkearrangement ved Norsk Fjordsenter laurdag ettermiddag. Her skal monumentet «Fjordafolket» avdukast. Monumentet er laga av kunstnaren Ola Stavseng, og er sett saman av tre skulpturar som kvar for seg illustrer ulike sider ved livet på fjordgardane. H.M. Dronning Sonja skal avduke monumentet. I samband med opninga vert det eit stemningsfullt kulturprogram med talar og musikk.
Vidare utover ettermiddagen vert det gratis inngang på Norsk Fjordsenter for alle våre gjester. Billettar vert delte ut ved inngangen. Merk at dette er eit folkearrangement, og alle er velkomne! På Fjordsenteret er det denne sesongen ei svært vakker kunstutstilling der H.M. Dronning Sonja og Ørnulf Opdahl stiller ut. Delar av kunsten er for sal. Dei to kunstnarane har òg gjeve ut boka «Streif i fjordlandskap» i år, her kan vi nyte både foto og måleri, og tankevekkande refleksjonar mellom Dronninga og Opdahl.
Filmen frå skuleungdommen sitt prosjekt «Fjordarven i ungdomshender» vert vist for alle. Deretter får vi eit foredrag med Oskar Puschmann som har re-fotografert utvalde stader, og no kan vise oss endringane i landskapsbiletet i området vårt over tid.
 

Søndag 7. september – Tett på kulturarven i Møllstunet

Vi avsluttar helga med eit ope arrangement i Møllstunet. Her får vi ei grundigare orientering om historia til foreininga, kulturelle innslag og eit innblikk i restaureringsarbeidet. Asgeir Kvernberg (medlem prosjektgruppa og tidlegare leiar), Kåre Løvoll (restaureringshandverkar), og musikarane Kristine Farstad Bjørdal og Thea Marie Ytterdal deltek. I tillegg vert det enkel servering. Truleg vert det høve til å sjå inn i nokre hus (avgrensa tilgang). Vi byr òg på enkel servering.
Merk at for å delta på dette arrangementet, må ein ta buss frå anten Geiranger (Hotel Union) eller Korsmyra. Årsaka er mangel på parkeringsplassar i/ved Møllstunet. Hugs at ein MÅ bestille plass på bussen innan laurdag kl. 18, men dette er eit gratistilbod for alle som vil delta.
Storfjordens Venner gleder seg stort til denne markeringa, og håper mange vil ta turen til Geiranger og dele denne dagen med oss!

For meir informasjon: www.storfjordensvenner.no

Inge Bjørdal, leiar i Storfjordens Venner Tlf. 464 11 023 inge.bjordal@stranda.kommune.no
Merete Løvoll Rønneberg, leiar i jubileumsnemnda Tlf. 99 37 65 85 merete@verdsarvfjord.no
Kjell Ole Løseth, konstituert leiar i bautanemnda Tlf. 959 73 030 koloseth@broadpark.no
 
Sjå program for helga her (PDF, 2 MB)