Juleglede 2025

Stranda Frivilligsentral vil også i år organisere prosjektet Juleglede i Stranda kommune og vi er no opne for påmelding og nominasjonar.

Juleglede er ei gåve til familiar og enkeltpersonar som synes julehøgtida er ei vanskeleg tid og der ein ønskjer å glede med ein pakke, matkasse eller liknande, uavhengig av økonomi.

 

 


Økonomiske utfordringar er framleis gjeldande for fleire familiar, åleineforeldre og einslege med auka straumprisar, rentekostnader, matvarer etc og behovet for matkasser og julegåver er aktuelt i ein aukande del av befolkninga – også i Stranda kommune. Det har vi sett av trendane dei siste åra.


Vi har fått donasjonar, både i pengegåver og varer, frå bedrifter i kommunen, samt støtte frå Sparebanken Møre og Sparebank 1 SMN. I tillegg står det handlevogner plassert ut på daglegvarebutikkane og på Europris og Intersport dersom du ønskjer å støtte prosjektet. Alt dette vil bidra til at vi kan gi ut ei oppmerksemd til alle som ønskjer seg ei Juleglede.
 

Stranda Frivilligsentral står for organiseringa med god og viktig hjelp frå frivillige i Stranda Røde Kors omsorg og Sunnylven Sanitetslag. 
 

Ønskjer du ei Juleglede? Send ein e-post eller sms med namn, antal personar i familien (vaksne, born) til ragnhild.stadheim@stranda.kommune.no eller på 464 11 076. 
 

Saman spreier vi glede og varme i jula.