Det er noko spesielt med jula. For meg så betyr jula familie, samhald og god mat. Det var vel forfattaren Oscar Wilde som vart sitert på at etter eit godt måltid kan ein tilgje kven som helst, sjølv sine næraste. Det er no ein måte å sjå det på, for dei fleste sin del, så er det å dele tid med nære som ein ikkje ein har rundt seg i det daglege.
Dette har vore eit år med store endringar for mange. Det er krig i Europa, og dyrtid over heile den vestlege verda. Det er mange som kjenner på det no, at det strammar seg til, og at økonomien er krevjande. Eg har ofte reflektert over det i det siste, at sidan eg vart fødd tidleg på 70 talet så har vi hatt velstandsauke kvart år, og alle har fått vore med på reisa. At vi no står i ein situasjon med så mange uheldige omstende etter kvarandre, der ein pandemi som forstyrra verdsøkonomien vart etterfylgt av krig og energikrise, har ført til problem for mange. Vi høyrer på radio og les i aviser om hjelpeorganisasjonar som deler ut hjelp til rekordmange trengande, og vi må alle saman håpe at situasjonen vil snu til det betre for alle og ein kvar. Sjølv har eg og opplevd store endringar i året som har gått, etter 30 år på same arbeidsplass tok eg til som ordførar i Stranda kommune den 4. oktober. Når folk spør meg om korleis det er å være ordførar så svarar eg som regel, krevjande, men dette har eg godt av. Og berre så det er sagt, det er ikkje meg det er synd i.
Vi er på mange måtar heldig i Stranda kommune. Vi er heldig for at vi har eit næringsliv med god aktivitet, at vi har ei turismenæring som får stadig lenger sesong, og stadig rom for fleire heilårstilsette. Og vi er heldig for at vi har fire sterke lokalsamfunn som vernar om sine kulturar og verdiar. Dei siste åra har vi dessverre hatt ein nedgang i folketalet som vi som politikarar no må ta konsekvensane av, med nedgang i inntektene som resultat. Det er gledeleg å sjå at sidan 2018 har Geiranger hatt ein auke i folketalet, dessverre er nedgangen i dei andre bygdelaga betydeleg større. Folketalsnedgangen er ei utvikling som vi må arbeide hardt for å snu, og sjølv om prioriteringane vi må gjere kan ha sine negative effektar, så tvingar nedgangen i inntekter oss til å snu kvar ein stein. Stranda kommune er ikkje i noko særstilling her, og når eg snakkar med politikarar frå kommunane rundt oss, så slit alle med dei same utfordringane. Vi har stor tru på at vi skal kunne få kostnadane våre under ein slik kontroll at vi i løpet av nokre år kan realisere dei planane vi gjekk til val på.
Eg vil ynskje alle innbyggarane i Stranda kommune ei fredfull julehøgtid fyld med glede og gode stunder saman med familie og vener. Ta vare på kvarandre, og la oss saman sjå fram mot eit nytt år fyld med nye moglegheiter, utfordringar og augneblink som skapar vår felles framtid. Kjenner du, eller veit om nokon som slit, så strekk ut ei hand og hjelp dei. Ingen kan hjelpe alle, men alle kan hjelpe ein.
Helsing Einar Arve Nordang
Ordførar Stranda Kommune.