Kjære innbyggarar i Stranda

Vi er alle inne i ei svært uvanleg tid. Påsketida skulle vere eit kjærkome avbrekk frå det daglege livet, og vi skulle alle ta del i ferietida med besøk frå slekt og vener. 

Alt dette er no snudd på hovudet gjennom situasjonen rundt trusselen frå koronaviruset. Kommuneleiinga vil gjere alt som står i vår makt for å hindre vidare utbreiing av dette viruset. 

Vi vil også takke til alle som på ulike måtar støttar oss i det viktigaste arbeidet for framtida til Stranda kommune.

Ved å stå samla skal vi kunne løfte i flokk. 
Dugnadsånda står sterkt i Stranda, og vi vil no på nytt oppfordre alle til å ta eit tak i arbeidet for små og store, unge og eldre.

Ta godt vare på kvarande i denne tida. 
Med ynskje om ei god påske!