Klart for ny Stikk UT! sesong!

Stikk UT!

Forventningane og turgleda er til å ta og kjenne på når friluftsråda i samarbeid med sine 27 kommunar måndag 1. mai lanserer oppstart av ny Stikk UT!-sesong! 521 turmål gir mange val og friluftsråda oppfordrar turfolket til å ta seg tid til å nyte og ta vare på naturen vi ferdast i.

  • Mange har nok store forventningar til årets sesong, spesielt håpar nok mange på betre vêr og fleire fine turdagar enn i fjor, seier Liv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, som er prosjektleder for Stikk UT!
     
  • Engasjementet rundt Stikk UT! er enormt og vi er veldig stolte av at regionen vår tronar øvst i landet når det gjeld å gå på tur. At så mange registrerer turane dei går, gjer at vi kan satse endå meir på å gjere gode turopplevingar tilgjengeleg for fleire, seier Hilde Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd, som er ansvarleg for Stikk UT! på Sunnmøre.

 

I årets kartbrosjyre, som i desse dager kjem i postkassene til innbyggarane i regionen, inviterer friluftsråda alle med på ut på tur.

  • Vi oppfordrar alle til å nyte turlivet litt ekstra denne sesongen; enten det er å gå på tur saman med nokon, nyte ein god matpakke på turen, lytte til fuglesang eller ta eit bad i eit fjellvatn. Gode møte mellom menneske og naturen fremmar helse og livskvalitet og vi trur at dess meir folk kosar seg på tur dess meir lyst får dei også til å gjere ein innsats for å ta vare på dei verdifulle områda vi ferdast i, seier Liv Synnøve Hoel.
     
  • Vi ønsker å framheve kor viktig det er å ta omsyn, ha hunden i band og halde avstand til beitedyr. Å ferdast utan å etterlate spor er også viktig; alle kan bidra til at naturen vår skal vere like vakker og tilgjengelig i åra som kjem, oppfordrar Ellingsæter.

No i starten vil det vere mykje snø mange stadar, så hugs å sjekke kva for turar som har utsett opning i turomtalane i Stikk UT!-appen eller på stikkut.no.

I årets sesong blir ein ny funksjon i Stikk UT!-appen lansert. Denne lar deg logge turane du går, både Stikk UT!-turar og andre turar. Desse kan du lagre for deg sjølv og også dele med andre om du vil.

  • Her trur vi mange vil finne god motivasjon til å både logge aktivitet i kvardagen og dele turar dei har vore på for å inspirere andre. Målet er å få fleire til å oppleve gleda ved å ferdast ute, enten det er å gå og sykle til og frå jobb, eller å gå til eit Stikk UT! turmål, sier Ellingsæter og Hoel.

 

Stikk UT! blir arrangert i samarbeid med dei 26 kommunene i Møre og Romsdal og Heim i Trøndelag. Saman med hundrevis av frivillege tilrettelegg dei for over 500 turmål denne sesongen.

Fakta om Stikk UT!:

Stikk UT! er ein turtrim der ein kan registrere dei turane som er plukka ut til å vere turmål denne sesongen. Det er gratis å delta, ein lastar ned appen og opprettar ein brukar, så registrerer ein koden som finns på kvart turmål. Går du meir enn sju turar kan du kjøpe deg din eigen Stikk UT! premie. Sesongen varer frå 1. mai til 31. oktober. Les mer på stikkut.no

Stranda kommune har 20 Stikk UT! turmål i år.

Tursesongen startar måndag 1. mai, men fleire av turmåla i Stranda vil ha utsett åpningsdato grunna snøforholda.

Stikk UT!
Tittel Publisert Type
Stikk UT- turmål 2023

26.04.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Stikk UT- turmål 2023.pdf
Turkalender 2023

26.04.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Turkalender 2023.pdf
Stikkut vinter

13.12.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Stikkut vinter.pdf