Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019

Klikk for stort bilete   STÅR DU I MANNTALET?

For å kunne røyste ved kommunestyre- og fylkestingsvalet måndag 9. september må du stå i manntalet.

Manntalslistene ligg ute til offentleg ettersyn t.o.m. valdagen på Servicekontoret i Øynasenteret.

Klage kan sendast til Stranda kommune, Valstyret, Øyna 13, 6200 Stranda, eller post@stranda.kommune.no

Nærare informasjon om valet finn du på kommunen sine heimsider www.stranda.kommune.no eller ved å ringe 70 26 80 00.

 

Valstyret i Stranda