Korona-nytt frå dei kommunale instansane, veke 17

 

Vi er framleis i ein smittevernsituasjon (ffase 1) då vi enno ikkje har påvist korona-smitte i Stranda Kommune. 

Camping.
Det er no opna for camping i kommunen. Vedtaket gjeld førebels fram til 4.mai.  

Overnatting er berre tillate i bueiningar, campingvogner, bubilar og tilsvarande som har toalett- og kjøkkenfasilitetar. Det same gjeld for båtar i gjestehamn.  

Felles sanitæranlegg, kjøkken og opphaldsrom ved alle campingplassar, bobilcamping og gjestehamner skal vere stengt. 

Tømmerom for toalett frå bubil og campingvogner skal vere opne og det skal vere god tilgang på reint vatn.

Vedtak frå 12.03.2020, som er forlenga: 

  • Besøksforbud til alle kommunale omsorgsinstitusjonar som sjukeheimar og omsorgsbustadar gjeld til og med måndag 04.05.20. 
  • Alle idretts- og kulturarrangement er avlyst (dette innbefatter også stenging av skisentre) 
  • Offentleg idrettshall, gymsalar, svømmebasseng, bibliotek og Storfjord Kulturhus er stengt t.o.m. 04.05.20.

Institusjonane. Det er sett ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på muligheitene for å opne for besøk og aktivitetar på institusjonane, sett frå eit smittevernperspektiv. Det er nok mange som saknar kontakt med sine, både dei som bur der, og dei som er utanfor.

Oppstart barnehagar. Denne veka har barnehagane starta opp att med store omorganiseringar. 

Det er fargekodar, oppdelte uteområder, vasking “opp og ned i mente”, passe på så dei ikkje treffast på tvers av kohortar (=gruppe (antal barn/vaksen), levering og henting i friluft, -men mest av alt glade born som endeleg får vere i barnehagen igjen! FOR ei glede!!

Skulane, 1-4 kl. Måndag startar småskulen, og det vert jobba intenst for å få ting på plass. Tenkjer mange ser fram til oppstart der også.

Dei ansatte i barnehagane og skule har vore særs positive, fleksible og løysningsorienterte i denne prosessen, og det vert sagt mykje rosande ord om dykk.  Flott gjort, de er verdifulle!

Det er viktig å huske på at om samfunnet sakte opnar oppatt, er det under særs kontrollerte former, og det er veldig viktig å ikkje tenkje at det no er fritt fram for å omgås den ein vil. 

Skal vi hindre smittespreiing, må vi fortsette å halde dei avstandane vi vert råda til. 

Viser til fhi.no: Korona distansering-Trude_nynorsk

Minner om:

  • Kommunen sin koronatelefon 464 11 047. Open 09.00 - 14.00. Her du kan stille spørsmål om korona. 
  • På heimesida til Stranda kommune vert det stadig oppdatert med eventuell ny informasjon.
  • Folkehelseinstituttet sine sider www.fhi.no. 
     

Ynskjer alle ei riktig god helg!

Med helsing

Hovudverneombud
Hovudtillitsvalgt (FFB) 
Rådmannen i Stranda Kommune