Koronatiltak ved Stranda legekontor frå torsdag 26.03.20I tråd med nødvendig smittevern har Stranda legekontor endra drifta.Legar og medarbeidarar har delt seg i team, derfor vil du ikkje alltid treffe fastlegen din, men vi prøver å oppretthalde kontinuiteten så langt som mogleg. Alle skal RINGE først. Ikkje møte opp utan avtale. For vanlege henvendelsar kan pasientar ta kontakt på telefon 70268120 eller SMS til 2097 (STRANDA fødselsdato, ditt navn, grad av hast). Vent ute ved døra, du blir henta av ein medarbeidar, dette for å unngå for mange pasientar på venterom og fellesområder samtidig. Møt presis til avtalt time!Vi har oppretta ein eigen luftvegs- og feberklinikk: Ring 70 26 81 20 eller bestill time på SMS ved luftvegssymtom, feber, hovudverk. Møt etter avtale ved inngang C på Øynasenteret og ring telefonnummeret du får oppgitt. Du blir henta ute ved døra.For spørsmål og informasjon om koronasymptom kan du ringe vår nyoppretta KORONATELEFON 46 41 10 47.