Koronavaksinering av 16 og 17-åringarAlle som er fødd i 2004 og 2005, og som er folkeregistrert i Stranda kommune, har no fått tildelt time til koronavaksine torsdag 09.09.21. Grunna logistikkutfordringar blir alle automatisk tildelt time. Dersom du ikkje ønsker å benytte deg av tilbodet, må du gå inn på www.c19.no å takke nei til vaksina, eller sende e-post til massevaksinering@stranda.kommune.no Dei som er fødd i 2005, og som enno ikkje har fylt 16 år, må ha med samtykke frå føresette (lenke til samtykkeskjema her) (PDF, 114 kB) på vaksinasjonsdagen. Begge føresette må signere skjema. 16-17 åringar anbefalast 8-12 veker intervall mellom første og andre dose. Etter råd frå Folkehelseinstituttet, har regjeringa beslutta at 16 og 17-åringar skal få tilbod om koronavaksinasjon. Det er Pfizer si vaksine som blir gitt.