Kreativ teknologi ut i verda

 

Innovasjon Norge har lyst ut eit nytt eksportprogram, «Kreativ teknologi ut i verden». Programmet rettar seg mot norske bedrifter som utviklar og eig teknologiske løysingar og/eller digitale tenester knytt til utvikling, produksjon, formidling, sal eller distribusjon av kunstnarisk, kulturelt og kreativt innhald. I tillegg krevst det at ein har eit vekstpotensial, og ikkje minst internasjonale ambisjonar.

Innovasjon Norge har bede kommunen gjer dette kjent for bedrifter som kan vere i målgruppa. I tillegg til informasjonen som står i utlysinga, vil dei gi ein utfyllande presentasjon av programmet i eit webinar komande onsdag, 21. april kl. 14:00 (lenke til webinar på utlysingssida).

Programmet er en del av Kulturdepartementet sitt oppdrag til Innovasjon Norge, og er det femte eksportprogrammet i rekkja. Det er første gong dei har et bransjenøytralt program, så dei venter at dette vil interessere mange, og at det blir rift om plassane.

Dersom du har spørsmål, ta kontakt med ein av desse som jobbar med programmet:  

Marit.giske-nilsen@innovasjonnorge.no

Margit.klingen.daams@innovasjonnorge.no

Knut.perander@innovasjonnorge.no