Statsforvaltaren i Møre og Romsdal inviterer no til å foreslå kandidatar til Kulturlandskapsprisen 2026. Prisen blir delt ut for å løfte fram dei som gjer ein særskild innsats for å ta vare på, utvikle og synleggjere verdiane i kulturlandskapet vårt.
Slik foreslår du kandidatar
Alle kan sende inn forslag, og vi oppmodar særleg kommunar, landbruksrådgivinga, faglaga og næringsorganisasjonar om å bidra.
Du kan sende inn forslag via det elektroniske skjemaet her: Forslag på kandidat til Kulturlandskapsprisen for Møre og Romsdal 2026.
Forslag kan òg sendast på e-post til sfmrpost@statsforvalteren.no.
Merk e‑posten med «Kulturlandskapsprisen 2026» og namnet på kandidaten.
Frist for å sende inn forslag: 1. mai.
Kven kan få prisen?
Prisen blir i hovudsak gitt til aktive gardbrukarar, men vi tek også imot forslag på beitelag, grunneigarlag, bygdelag og andre som bidreg til å ta vare på kulturlandskapet.
Kva blir det lagt vekt på?
Kandidatane blir vurderte ut frå om dei:
gjer ein særskild innsats for skjøtsel og drift av kulturlandskapet
nyttar kulturlandskapet som ressurs for produksjon, utvikling eller ny næring
tek omsyn til landskap, kulturminne, kulturmiljø og biologisk mangfald
driv på ein måte som tek vare på miljøet på garden og i nærområdet
legg til rette for at andre kan nyte kulturlandskapet gjennom friluftsliv og rekreasjon
bidreg til å skape positiv merksemd om verdiane i landbruket
Det er ikkje krav om at alle kriterium skal vere oppfylte, men prisvinnaren må utmerke seg på eitt eller fleire område og vere ein god ambassadør for landbruket.
Om prisen
Kulturlandskapsprisen har blitt delt ut sidan 2001. Vinnaren får:
eit kunstverk av biletkunstnar Lars Christian Istad
10 000 kroner
diplom og plakett
Prisen har dei siste åra blitt delt ut heime hjå prisvinnaren.
Du kan lese meir og sjå tidlegare vinnarar her: Kulturlandskapsprisen i Møre og Romsdal | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal