Kunst frå Tusenfryd barnehage pyntar opp på Stranda omsorgssenter

I dag mottok vi 14 fargerike kunstverk frå førskulegruppa ved Tusenfryd barnehage.

Vi sendte ein forespørsel til Tusenfryd barnehage om dei hadde lyst å hjelpe oss med å pynte opp ein korridor ved Stranda omsorgssenter. Det ville dei gjerne! I dag mottok vi 14 fargerike kunstverk frå førskulegruppa ved Tusenfryd barnehage, dette til stor glede for dei eldre.

Vi gleder oss til at ungane ein dag kan få kome på besøk og sjå kunstverka sine inne på omsorgssenteret.

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

Tusen takk! 
Helsing oss på Stranda omsorgssenter