Kurskalender digitale kurs til hausten – Ålesund Kunnskapspark

 

Kurskalenderen for dei digitale kursa i ÅKP Academy til hausten er no klar. Den inneheld mange spanande kurs i alt frå strategi, endringsleiing og personalleiing, til fagspesifikke kurs innan fiskevelferd, maskinlæring/IoT etc.
Sjå komplett kurskalender her: https://www.aakp.no/aakp/academy/
Dei fleste kursa har oppstart seint i august/tidleg september.

Ein vil spesielt trekke fram kurset i berekraftige og sirkulære forretningsmodellar der vi har fått inn kurshaldarane Sveinung Jørgensen og Lars Jacob Tynes Pedersen frå NHH. Dette  er eit kurs spesielt eigna for leiarar og mellomleiarar, der formålet er å tileigne seg kunnskap om å designe berekraftige sirkulære forretningsmodellar. Kurset består av digitale forelesingar og workshops der deltakarane jobbar med si eiga bedrift sin forretningsmodell.  

https://www.aakp.no/aakp/academy/kurskalender/barekraftige-og-sirkulare-forretningsmodeller/