KVA ER DINE ØNSKJER FOR STRANDA KOMMUNE OG DITT NÆRMILJØ SI UTVIKLING? Vi ønskjer å høyre kva DU meiner er viktig for Stranda og di bygd si framtid, og korleis vi kan nå måla. Publisert av Synnøve Lindset Publisert 12.04.2018 14.24 Stranda kommune er i gong med å utarbeide samfunnsdelen av kommuneplanen. Samfunnsdelen skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for kommunen både som samfunn og som organisasjon. Vi ønskjer å høyre kva DU meiner er viktig for Stranda og di bygd si framtid, og korleis vi kan nå måla. Tema som står i fokus er: Bygd og tettstadutvikling Helse og omsorg Barn og unge Samferdsel og infrastruktur Samfunnstryggleik Naturmangfald og natur Kultur, kulturmiljø og idrett Næringsliv og sysselsetting Stranda kommune inviterer alle interesserte til å delta i møter med oss for å få innspel til arbeidet. Det vert servert kaffe/te og brus - og noko attåt. Ta med deg ditt engasjement og dine ønskjer, idear og venar, og bli med på planverkstad: Mandag 23. april kl. 1800 på Trollstova i Liabygda Tysdag 24. april kl. 1800 på Storfjord kulturhus Onsdag 25. april kl. 1900 på Sunnylven samfunnshus Torsdag 26. april kl. 1800 på Union hotell. Helsing Stranda kommune