Kven fortener Miljøprisen 2025?Møre og Romsdal fylkeskommune deler kvart år ut Miljøprisen for å løfte fram og heidre personar, organisasjonar eller verksemder som har gjort ein særleg innsats for miljøet i fylket vårt. No kan du vere med og foreslå kven som bør få prisen i 2025!Miljøprisen skal inspirere til vidare engasjement og vise fram gode døme på miljøarbeid i praksis. Kandidatar må ha utmerka seg innan eitt eller fleire av desse områda:• Berekraftig utvikling• Klima- og energiarbeid• Biomangfald• ForureiningPrisen består av eit kunstverk og 15 000 kroner.Send inn ditt forslag innan 15. oktoberAlle kan sende inn forslag til kandidatar. Forslaget skal innehalde ein kort omtale av miljøengasjementet og kvifor akkurat denne kandidaten bør få prisen.Nominasjonsskjema og meir informasjon om Miljøprisen og tidlegare vinnarar finn du på mrfylke.no.