«Lammeterapi» på sjukeheimen
Tradisjon tru har vi i år igjen hatt fint besøk fra Habostad. Det var til stor begeistring for alle at vår sjukepleiar Jorunn Rørhuus-Øie som også er bonde tok med tre kopplam til Stranda omsorgssenter avdeling sjukeheimen. Det er så trivelig å sjå kor dei eldre lyser opp og fortel om minner både frå barndom og yrkesliv. Veldig kjekt med mykje god prat i hagen i strålande sol. Eit lite lysglimt i kvardagen dette.
Med vennleg helsing
Fagleiarar Marita Solli og Hannah Velle Vadset