Møre og Romsdal landbruksselskap deler årleg ut ein inspirasjonspris. Prisen skal gå til ein enkeltbrukar, ein familie eller eit fellestiltak som er ein god ambassadør for landbruksnæringa. Alle landbruksproduksjonar er aktuelle.
Vinnaren får eit kunstverk og 10 000 kroner. Prisen skal overrekkast på landbrukskonferansen i slutten av februar 2026.
Selskapet ønskjer no forslag til vinnar av prisen
Styret for selskapet vil utpeike vinnaren etter å ha vurdert dei innsendte forslaga. Styret består av representant frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, fylkesleiar i Møre og Romsdal bondelag, fylkesleiar i Møre og Romsdal bonde- og småbrukarlag og representant frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
Kriteriar som vektleggast ved val av vinnar
• Har profilert landbruket på ein positiv måte i offentlegheita
• Har fremma positive idear for vidareutvikling av bygdene i Møre og Romsdal
• Er eit forbilde i arbeidet for vidareutvikling av kulturlandskapet
• Har profilert og gjennomført landbruksdrifta si med høg standard
• Har hjelpt yrkesbror/søster gjennom ein vanskeleg periode
• Har utvikla nye produkt eller tenester som kan gjere landbruket meir robust
Forslagsfristen er 20. januar 2026
Send oss grunngjevne forslag til kandidatar per e-post innan fristen. Adressa er per.nakken@statsforvalteren.no