Ledige timar for koronavaksine - Opnar for å gje dose 2

i veke 31 (03.08.) får Stranda kommune mange ekstra doser og difor vil vi tilby dose 2 til dei som tok dose 1 for meir enn fem veker sidan, dvs før 23.06.21.
Send e-post til massevaksinering@stranda.kommune.no eller ring 464 11 047 for flytting av time.

Stranda kommune har dei neste par vekene mange ledige timar for koronavaksinasjon. Har du ikkje bestilt time til første dose enno - då må du vakne no! For å sikre at ikkje vaksinedosane gjeng til spille opnar vi også for å gje dose to til dei som tok dose ein for meir enn fem veker sidan, dvs før 23.06.21.