Markering av Verdensdagen for psykisk helse

Onsdag 14. oktober kl. 18 skal vi markere Verdensdagen for psykisk helse på Stranda Frivilligsentral.

Stranda Frivilligsentral, Mental Helse Stranda og Meistringsteamet i Stranda kommune inviterer til markeringa av Verdensdagen for psykisk helse.
I møte med uro, frykt og splitting er tillit ei av dei sterkaste motkreftene vi har. Årets tema er "Tillit er beredskap" og vi har satt saman eit spennande program som vi håper mange ønskjer å delta på.

Program for kvelden:

  • Opningsappell ved Ordførar Einar Arve Nordang
  • Informasjon frå Stranda kommune sitt meistringsteam og presentasjon av verktøy for god psykisk helse
  • Thomas Sætre - Ei personleg historie om overtenking, psykisk beredskap, livskriser og fellesskap. Med utgangspunkt i eigne erfaringar blir det sett ord på korleis små handlingar, tilhøyrsle og tillit frå andre kan gjere ein stor forskjell. Foredraget tek utgangspunkt i årets tema «Tillit er beredskap» og bodskapen #HverHandlingTeller.
  • Presentasjon av Mental Helse Stranda
  • Kulturelle innslag
  • Gratis kake, kaffi og saft
  • Eit gratis lodd ved inngang til trekning av fine, lokale premiar

 

Vel møtt!