Mjølkekvotar i 2020

 

Landbruks- og matdepartementet, Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag har gjennomført kvotedrøftingar. På bakgrunn av drøftingane har LMD fastsett forholdstalet for disponibel kvote for kumjølk til 0,96 for kvoteåret 2020. Forholdstalet for disponibel kvote for geitemjølk vert vidareført på 0,94.

I møtet den 18. november 2019 gjorde Tine som marknadsregulator greie for marknadssituasjonen i inneverande kvoteår og prognosane for mjølkeproduksjon og mjølkebehov i 2020.

Tine tilrådde ein reduksjon i forholdstalet på kumjølk på to prosentpoeng samanlikna med inneverande år - frå 0,98 til 0,96. Jordbruket sine organisasjonar støtta Tine si tilråding. LMD  fastsette forholdstalet på disponibel kvote for kumjølk til 0,96 for 2020.

For geitemjølk tilrådde Tine eit forholdstal for 2020 på 0,93, ein reduksjon på eitt prosentpoeng frå inneverande år. Jordbruket sine organisasjonar gjekk inn for ei vidareføring av dagens forholdstal på 0,94. LMD merka seg Tine si tilråding, men i lys av innspelet frå organisasjonane avgjorde departementet at dagens forholdstal for disponibel kvote for geit vert vidareført på 0,94 i 2020.