Mjølkekvotar i 2021

 

I møtet den 7. desember 2020 gjorde Tine som marknadsregulator greie for marknadssituasjonen i inneverande år og prognosane for mjølkeproduksjon og behov for mjølk i 2021 med den usikkerheita koronapandemien skaper. I 2020 har koronapandemien gitt auka etterspurnad etter mjølkeprodukt som følgje av endra måltidsvanar. I tillegg kjem bortfall av grensehandelen. For å følgje opp den auka etterspurnaden vart produksjonen i 2020 auka samstundes som lagra vart reduserte. Tine forventar at etterspurnaden etter mjølkeprodukt vil halde seg inn i 2021, og det er behov for å byggje opp lagra av m.a. ost.

Tine tilrådde at forholdstalet for kumjølk skal aukast frå dagens nivå på 1,05 til 1,07 for å sikre tilstrekkeleg mjølkeinngang. Jordbruket sine organisasjonar støtta Tine si tilråding. Landbruks- og matdepartementet fastsett forholdstalet på disponibel kvote for kumjølk til 1,07 for 2021.

For geitemjølk tilrådde Tine eit forholdstal for 2021 på 0,94, ei vidareføring av inneverande år. Jordbruket sine organisasjonar støtta dette. Landbruks- og matdepartementet fastset forholdstalet på disponibel kvote for geitemjølk til 0,94 i 2021.