Musikklivet kan samlast igjen til øving

 

Det er opna for øving i større grupper opp til 30 personer både inne og ute, forutsett at øvingslokalet er stort nok til å gi tilstrekkeleg avstand. 

Avstand mellom deltakarane er fortsatt 2 meter i alle retningar. 

Med ei begrensning på maks 30 personar er det fortsatt eit godt stykke igjen til normalsituasjon, men vi gler oss i lag med alle som no kan ta fatt på noter og akkordskjemaer, og begynne å få sving på samspelet igjen. 

Norsk musikkråd har, saman med medlemsorganisasjonane, laga ein rettleiar for smittevern under musikkøvingar. Denne vart godkjent av Helsedirektoratet 22.04.2020 og kan takast i bruk med det same.

Sjå: www.musikk.no/smittevern