Nå kan du søkje produksjons- og avløysartilskot – del 2

Både husdyrprodusentar og planteprodusentar kan søkje om tilskot i del 2 av søknaden om produksjons- og avløysartilskot.

 

Føretaket må oppfylle visse vilkår for å ha rett til tilskot, mellom anna vere registrert i Einingsregisteret og drive vanleg jordbruksproduksjon.

Dersom søknaden blir sendt innan fristen, kan han endrast fram til 29. oktober utan at tilskotet blir redusert. Blir søknaden levert etter 15. oktober, blir tilskotet redusert med 1 000 kroner for kvar dag etter fristutløpet.

 

I samband med søknadsfristen for produksjons- og avløysartilskot 15. oktober 2026, er følgjande rundskriv publisert på nettsidene til Landbruksdirektoratet: 

•    Rundskriv 2026/25: Produksjonstilskot og avløysartilskot – kommentarar til regelverket
•    Rundskriv 2026/26: Produksjonstilskot og avløysartilskot – forvaltingsansvar og sakshandsaming

 

I tillegg er søknadsrettleiinga for produksjons- og avløysartilskot oppdatert med del 2 for 2026. 

Både rundskriva og rettleiinga inneheld eit innleiande kapittel med tittelen «Oversikt over endringar», der du finn ei oversikt over kva endringar som er gjort i regelverket. 

Du finn dokumenta på Landbruksdirektoratet si nettside: Produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket - Landbruksdirektoratet
 

Ta gjerne kontakt med oss dersom du har spørsmål!