Nødvarsel på mobil

Nødvarsling på mobil

Det nye nødvarslingssystemet gjev myndigheitene anledning til å sende varsel ved akutt fare til mobiltelefonar over heile landet.

Første store test av Nødvarsel mot publikum, planleggast i forbindelse med test av Sivilforsvarets tyfonanlegg, onsdag 14. juni.

Meir informasjon vil kome i løpet av våren, men det er viktig å merke seg denne datoen allereie no.

Kva er Nødvarsel?

Nødvarsel skal brukes til å varsle befolkninga på mobiltelefonen om akutte og alvorlege hendingar som truar liv og helse. I fredstid er det alltid og kun politiet som sender ut varselet.

I krig kan Sivilforsvaret også være avsendar. Nødvarsel er et supplement til dei kanalane som allereie nyttast for å varsle befolkninga – altså eit tillegg til tyfonvarsling og til politiets etablerte varslingsrutinar.

Eit nødvarsel inneheld informasjon om kva som skjer, og kva ein bør gjere for å beskytte seg sjølv.

Nødvarsel sendast via mobilnettet og ut til alle mobiltelefonar i eit definert område.

Dette betyr at både norske og utanlandske mobiltelefonar som befinn seg i området, vil motta varselet, anten på norsk eller engelsk.

Varselet mottas og visast på alle mobiltelefonar som er

  • skrudd på
  • kobla til mobilnettet (4G/5G)
  • oppdatert med nødvendig programvare

Les meir på nettsida Nødvarsel