Ny studie på Vestlandet: Korleis har folk opplevd ein sommar utan cruiseturistar?

 

På Vestlandet har sommaren 2020 vore prega av koronapandemien, og mange turiststader har vore heilt utan cruiseturistar. No ynskjer Vestlandsforsking å finne ut korleis innbyggarane i byar og bygder har opplevd fråværet av cruiseturistar.

Forskarane ønskjer å vite korleis innbyggjarane i cruisehamner på Vestlandet har opplevd sommaren. Dette gjeld folk i Ålesund, Geiranger, Hellesylt, Nordfjordeid, Olden, Flåm, Bergen, Eidfjord, Haugesund og Stavanger.

 Viss du vil delta, finn du ei nettbasert spørjeundersøking her: https://www.surveymonkey.com/r/utencruiseturisme

 Undersøkinga er del av eit forskingsprosjekt der målet er å kartlegge følgjene av ein sommar utan cruiseturistar. Forskarane ser både på økonomi og miljø, i tillegg til å kartlegge korleis innbyggjarar i cruisedestinasjonane har opplevd fråværet av cruiseturistar.

Svara vi kjem fram til i denne delen av studien, vil vere viktige for cruisedestinasjonar som må tilpasse seg korona-pandemien på kort og kanskje lang sikt. Studien er eit samarbeid mellom Vestlandsforsking og fylkeskommunane i Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland. Finansieringa kjem frå Regionalt Forskingsfond Vestlandet.