Ny tilskotsordning til mangfald- og inkluderingstiltak i idrett og fysisk aktivitet

  

Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar ei ny tilskotsordning som skal legge til rette for auka deltaking i idrett og fysisk aktivitet for alle barn og unge. Det kan søkast tilskot til prosjekt eller eingangsutgifter.

Det er opna for søknadar og søknadsfristen er 13. Juni, kl 13.00.

Det er frivillige lag og organisasjonar og kommunale fritidsklubbar eller ungdomshus som kan søke tilskot. Idrett og fysisk aktivitet kan vere både organisert idrett og eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet, som for eksempel friluftsliv.

Tiltaka skal rette seg mot målgruppene for ordnina:

  • Barn og ungdom frå 6-19 år i familiar med vedvarande lavinntekt.
  • Jenter med minoritetsbakgrunn frå 6 til 19 år, og jenter frå 6 til 19 år generelt i samanhengar der jenter er underrepresentert eller opplever særskilde barrierer.
  • Personar med funksjonsnedsetting. Denne målgruppa er ikkje aldersavgrensa.
  • Noverande og framtidige unge leiarar og trenarar opp til 26 år, som er jenter/kvinner, personar med funksjonsnedsetting eller personar med minoritetsbakgrunn.

Les meir om regelverket for ordninga på Lotteri- og stiftelsestilsynet sine nettsider.